Me er no inne i vente tida…… Fjellkjøt ventar i desse dagar på at smågrisen skal vekse seg stor nok til å kome til gards. Stølsgrisen kjem til gards i midten av mai og er då om lag 30 kg sprell levande gris.
Snøen ligg på jordet endå. Men om 3-4 vekar skal Fjellkua med Bjørghild, Elisabeth, Bjørnhild, Linus, Linn, Silke og venene ut på beite att. Dei står i solveggen no og gledar seg til våren.