Alle dyra til «fjellkjøt» går fritt  heile året. På sommaren bur dei på Lauvsjøen på Golsfjellet. Dei et det naturen gjev, med mykje urtar og friskt næringsrikt høgfjellsbeitet.  Både Stølsgrisen, stølskalven, og stølsoksen gjev oss nesten ferdig urtemarinert kjøt. Kjøtet blir naturleg saftig og ekstra smakfullt!

Rabattordning: Førre års kundar som skaffar 1 ny kunde i tillegg til å kjøpe sjølv får 20% rabatt på sine produkt.

Stølsgris

Storleik: Du kan kjøpe heil, halv eller kvart gris. Heil slakta gris veg ca 80-90 kg inkl bein. Halv gris veg………ja, halvparten av ein heil gris.

Levering: Me leverer pakkene av stølsgris og stølsokse på Gol/Golsfjellet etter avtale. For anna leveringstidspunkt skriv inn ønska tidspunkt i kommentarfeltet.

Les meir om oppdeling av stølsgris her: https://www.matprat.no/matnyttig/oppdelingsguiden/svin/

Pakke 1: Gryteferdig eksklusiv

Pris 160 kr/kg inkl MVA

Årets nyheit i år er at spikjipølsa er attende, samt ny , Bacon, suppekraft og middagspølse.

Mengde: Heil/halv/kvart

Pakkene er  fiks ferdig til ovnen, gryta og panna tilpassa ein familie. Kvar pakke ligg på om lag 4-500gram. Dei er vakumert, innpakka og merka med navnet på stykningsdelane. Oppdelt i ribbe med ruting av svor, bacon,  kotelettar/nakkekotelettar a 2-4 stk pr pakke, surra  bogsteik, flatbiff,  indrefilet, surra skinkesteik,  malekjøt i halv kilos pakker, middagspølse, salami spikjipølse, samt suppe kraft er inkludert.

NB: Viss du bestiller kvart gris er det pga grisen sin anatomi er det ikkje mogeleg å levere alle stykningsdelane. Du kan derfor risikere å gå glipp av indrefileten, sidan den berre er i annankvar pakke på kvart gris. Me Forsøker likevel å dele stykningdelane likt så langt det let seg gjere på kvart gris.

Pakke 2:  Gryteferdig basis

Pris 125 kr/kg inkl MVA

Mengde: Heil/halv

Pakkene er fiks ferdig til ovnen, gryta og panna. Dei er vakumert, innpakka og merka med navnet på stykningsdelane. Heile slakt er oppdelt i ribbe med ruting av svor og sideflesk,  kotelettar/nakkekotelettar a 4-6 stk pr pakke, surra  bogsteik, flatbiff, heil indrefilet, surra skinkesteik.  Ca 8-10 kg kjøtdeig . Bein til suppe og kraft er inkludert.

Pakke 3: Gryteferdig basis

Pris 135 kr/kg inkl MVA

Mengde: kvart

Pakkene er fiks ferdig til ovnen, gryta og panna. Dei er vakumert, innpakka og merka med navnet på stykningsdelane. Heile slakt er oppdelt i ribbe med ruting av svor og sideflesk,  kotelettar/nakkekotelettar a 4-6 stk pr pakke, surra  bogsteik, flatbiff, heil indrefilet, surra skinkesteik.  Ca 8-10 kg kjøtdeig . Bein til suppe og kraft er inkludert.

Pakke 4: Heil/halv grovdelt

Mengde: Heil/halv

Har du mindre plass å handtere grisen på kan grovdelt gris vere for deg. Grovdelt er delt i frampart, mellompart og bakpart, høgre og venstre side. Denne må hentast på kjølelager seinast 5 virkedagar etter at slaktet kjem attende frå slakteriet.

  • Heil gris grovdelt 90 kr/kg inkl MVA
  • Halv gris grovdelt 95 kr/kg Inkl MVA

Pakke 5: Heil gris

Pris: 80 kr/kg inkl MVA

Heil og halv gris er for «heime kjøtskjæraren», vil du gjere parteringa sjølv kan du bestille heile og halve slakt og hente på kjølelager på Gol.

Pakke 6: Halv gris

Pris: 85 kr/kg inkl MVA

Heil og halv gris er for «heime kjøtskjæraren». Vil du gjere parteringa sjølv kan du bestille heile og halve slakt og hente på kjølelager på Gol.

Stølskalv/Stølsokse

Dette er kjøt frå dyr som berre et gras. Slik kjøt kan innehalde så mykje omega 3 at det er like sundt som fisk seier ein professor i husdyrfag. Derfor lagar me høgkvalitets grasfôra kalve og oksekjøt med gunstige aminosyresamansetnader utan bruk av kraftfôr. Dvs dei får «lurdagsgøtt» med kraftfôr slik at dei er lette å lokke med seg på nye beiter, viss dei stikk av ol. men dietten er minst 95% gras og beite.  

Pris: 220 kr/kg inkl MVA

Pakkene seljast som 10, 20 og 30 kg pakker. Kvar innpakning ligg på om lag 4-500g/stk. Velg mellom Charolaise med lite feitt eller Angus med marmorert kjøt og meir smak. Assortert utval stykningsdelar, Indrefilet,Ytrefilet, Entrecote, Culott og Briskett.

Mørbradfilet, Mørbradbiff, Rundbiff, Flatbiff, Shortribs. Bankekjøtt, Grytekjøt, Lårtunge , Nakke, Suppekjøt.

Malekjøt, Stølspølse m/Chilli, Stølsgrill(Barnevennlig),  Karbonade(steikt), Hamburger(Quater Pounder)

Les meir om stykningsdelar på storfe her: https://www.matprat.no/matnyttig/oppdelingsguiden/storfe/

Bestilling skjema [huge_it_forms id=”2″]